Å ha dyr på beite er god dyrevelferd og sikrar god utnytting av naturressursane. I tillegg er beitebruk viktig for å halde eit ope og levande kulturlandskap og eit biologisk mangfald. Det er då viktig å sjå til at gjerda er skikkelege og at gjerdeplikta blir halden. Der gjerdehaldaren ikkje ser seg i stand til å halde gjerdet vedlike eller fjerne det, må han leige folk til å gjere arbeidet. Eigaren er ansvarleg for at arbeidet blir gjort.
Ein kjem ikkje unna gjerdeplikta sjølv om ein sluttar med dyr og/eller leiger bort jorda. Gjerdeplikta kviler nemleg på grunneigaren som eig eigedomen. Å eige ein gard fører med seg plikter, ikkje berre rettar. Vi ber grunneigarane i Stryn om å sjå over gjerda sine. Dårleg gjerde kan føre til skade på beitedyr og eigedom.
Når gjerde ikkje blir halden vedlike, skal farleg gjerde fjernast (det same gjeld for farlege bygningar). Grunneigar er ansvarleg for vedlikehaldet og at arbeidet blir gjort. Det kviler erstatningsansvar for skadar som oppstår som følgje av manglande vedlikehald.
Mattilsynet har ansvar for tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet kan gjere vedtak om fjerning eller istandsetjing av gjerde og/eller bygningar som er til fare for beitande bufe etter pålegg, jf. § 15 i dyrevelferdslova:
«Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes vedlike slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennomføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenningen og belastninger»
Gjerde oppført etter 2010 skal ikkje nytte piggtråd.
Takk for at du vedlikeheld gjerdet og vegetasjonen rundt!