Hjortejakt 2024: Ny versjon av Sett og skutt-appen!

Søndag 1. september startar hjortejakta. Vi minner om at felte dyr skal leverast digitalt via ny versjon av appen Sett og skutt. Jegerar i jakt må også kunne framvise: Våpenkort, jegeravgiftskort, gyldig skyteprøve og dokumentasjon på tilgang til godkjent ettersøkshund.

Ny versjon av Sett og skutt-appen!

Miljødirektoratet har kome med ny versjon av Sett og skutt-appen, den gamle appen vil no slutte å fungere. Det er viktig at alle som skal jakte lastar ned den nye appen, og legg inn opplysningar fortløpande gjennom jakta. Felte dyr skal registrerast i appen same dag, og seinast ett døgn etter felling.

 

Kvotefri jakt på hjortekalv i Stryn kommune

Det er også i år innført kvotefri jakt på hjortekalv i Stryn kommune. Dette gjeld alle vald med godkjent bestandsplan. Det vil seie at alle grunneigarane som ønskjer det kan felle eller tillate jakt på fritt tal hjortekalvar på sin eigedom. Kalvar som er felt utanom ordinær kvote skal også rapporterast som vanleg.

God jakt!

I Norge er hjortejakt lov frå 1. september til 23. desember.