Høyring om korleis Vestland fylke skal utvikle seg dei komande åra

Korleis vil du at Vestland skal sjå ut i framtida? No har du sjansen til å påverke. To nye regionale planar peikar ut retninga for utviklinga av fylket dei komande åra. Sei kva du meiner – planane er på høyring fram til 1. november.

Vestland fylkeskommune har for tida to regionale planar ute på høyring: 

Begge høyringane har frist 1. november. 

Planane har eit 12-årsperspektiv og legg viktige rammer og føringar for kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar i fylket. 

Kort om planane:

Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi. 

Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring. 

Informasjonsmøte 16. september

Vestland fylkeskommune arrangerer digitalt informasjonsmøte i samband med høyringa 16. september kl. 08.30–10.00

Kven kan kome med innspel?

Vi oppmodar kommunar, statlege organ, næringsliv, frivilligheit og alle som er interesserte i framtida til fylket vårt, om å kome med innspel til planen. Særleg ønskjer vi å høyre frå unge stemmer. 

Kva ønskjer vi dykkar syn på? 

Vi tek gjerne imot innspel til alle delar av planforslaget.

  • Peikar planen i rett retning?
  • Er dei føreslåtte grepa dei rette grepa?
  • Kva forventar de av fylkeskommunen som rettleiar og støttespelar?
     

Få meir informasjon og sei di meining på Vestland fylkeskommune sine nettsider