Informasjonskveld om skogressursen i Stryn

Skogselskapet i Sogn og Fjordane og spesialkonsulent landbruk inviterer til informasjonskveld om skog og skogressursane i kommunen. Folkevalde er spesielt velkomne!

Stad: Tingsalen i Stryn kulturhus
Dato: Torsdag 27. februar 2025
Tid: Kl. 19.00 til 21.00


Det vil bli orientert om:
• Oversikt over skogmengda i kommunen
• Verdikjeda av skogbruket i regionen vår
• Kor mykje skatteinntekt får Stryn kommune frå skognæringa
• Kva blir skogen i Stryn brukt til, og er det mogeleg å vidareforedle meir tømmer?
 

Spesialkonsulent landbruk i Stryn kommune Sigbjørn Rolandsen, Fylkesskogmeister Torkel Hofseth og skogbruksleiar Stig Bakke (AT Skog) vil alle delta for å informere om skogen og ressursane som er i utmarka i Stryn kommune.

Skogselskapet vil også legge fram tal på kor mykje skatteinntekt (reine skattekroner) Stryn kommune får etter skogaktiviteten. Vi vil sjå på dei store mogelegheitene i kommunen.
 

Meld deg på her


Kontaktperson:
Ruben Bøtun, daglig leder Skogselskapet i Sogn og Fjordane
Tlf: 957 61 717 | E-post: ruben@skogselskapet.no