Inspirasjonssamling nr 2 for bærprodusentar

Etter ei svært vellukka inspirasjonssamling i Innvik, inviterer vi til ny samling, denne gongen på Sandane, der vi tek steget vidare. Denne gongen fokuserer vi på konkrete tips og verktøy for deg som vil kome i gong med bærproduksjon.

Samlinga er for deg som skal starte opp med bærproduksjon, eller er interessert i bærproduksjon og vurderer om dette kan vere noko for deg og ditt gardsbruk. Dersom du allereie driv med bær og ynskjer fagleg påfyll og fellesskap, er du òg velkomen!

📅Dato: Onsdag 11. mars

⌚Tid: kl. 18.30-21

🏠Stad: Kommunestyresalen, Heradshuset, Sandane

 Program for samlinga:

  • "Bærdyrking 1-2-3": Kva må eg gjere for å kome i gong? v/Thimmy Klaassen, NLR
  • Informasjon om Norsk Landbruksrådgivning (NLR)
    Kven vi er, kva vi tilbyr, korleis vi kan vere til nytte ved oppstart av bærproduksjon v/Thimmy Klaassen
  • Ulike ordningar for støtte og tilskot v/Trine Alme
  • Erfaringsdeling frå ein bærprodusent
  • Spørsmål og samtale
     

Påmelding innan 5. mars: jofrid.brennseter@gloppen.kommune.no

Ta gjerne med deg ein nabo, ven eller støttespelar!

 

Arr: Styringsgruppa for prosjektet
“Rekruttering til bærnæringa i Gloppen, Stad og Stryn”