Invitasjon til folkemøter

I samfunnsplanen for Stryn kommune som gjeld fram til 2035 er eit av måla: Ein god stad å bu for alle heile livet

Vi inviterer til folkemøter for å få innspel på kva som ligg i: Ein god stad å bu for alle heile livet  

Vi arbeider med ein temaplan for helse og sosial. Denne planen tek for seg korleis  kommunen skal organisere helse og omsorgstilbodet no og i framtida. 
Helse og sosialetaten har ei stor utfordring framover med at det blir fleire som treng tenester og vi må løyse desse oppgåvene på ein annan måte.

Førebygging og tidleg innsats er stikkord, men korleis får vi dette til ?

Kommunen kan ikkje løyse alle oppgåver åleine, her må vi samarbeide, vi treng deg, frivillegheita, næringslivet, lag og organisasjonar, bygdelag og gode nabolag.

Vi treng at du møter opp for å gje oss innspel til korleis vi skal få dette til. 
 

Tid for folkemøter og ein god diskusjon:

Onsdag 10. desember: Olden skule, gymsalen kl 18:00 - 19:30

Onsdag 17. desember Stryn kulturhus kl 18:00 - 19:30

Torsdag 18. desember Vikane skule, gymsalen kl 18:00-19:30