Julevarme i Stryn 2025

Gjer deg klar for ein magisk kveld med «Julevarme i Stryn»! Den 11. desember frå kl. 18:00 til 19:30 kan du oppleve artisten Line Dybedal, som saman med fleire musikalske ungdomstalent frå vår eiga bygd skal fylle rommet med varme og vakre tonar og ei deileg førjulsstemning.

Annonsa med gullhjarte - Klikk for stort bilete

 

Vi ønskjer spesielt ungdomar velkomne denne kvelden. Du som ungdom kan difor førehandsbestille fram til 1. desember. Etter dette vil ev restbillettar vere tilgjengelege for alle. 
Konserten er GRATIS, men du må bestille billett.

Vi ønskjer også alle ungdomar velkomne til å bli med vidare på adventskos i Foajeen i Stryn kulturhus etter konserten (kl. 20-22). Her blir det julegraut, gløgg og pepperkaker, loddtrekning av flotte gevinstar og god førjulsstemning. Alt er gratis. Her er inga påmelding - berre å møte opp!

OBS: Gratis buss til/frå konserten

-Frå Olden Ungdomsskule kl.17.00
-Frå Strynehallen kl.17.20
-Retur til Stryn Kulturhus etter konserten

(Påmelding til bussen på dei enkelte skulane/klassane i forkant av arrangementet).

Dette er ein kveld fylt med varme, harmoni og glitrande musikalske augeblikk som vil lyse opp i vintermørket. Sikre deg billett no!