Kjære alle saman – gratulerer med dagen!
I ei tid prega av uro og uvisse minner 17. mai oss om kva som verkeleg betyr noko:Fridom, demokrati og fellesskap. Ordførar Per Kjøllesdal løftar fram styrken i bygdene våre, den frivillige innsatsen og evna til å stille opp for kvarandre – verdiar som gjer kommunen vår trygg, levande og sterk.
I dag feirar vi friheita, demokratiet og fellesskapen vår. Vi feirar landet vårt, grunnlova vår – og alt det som bind oss saman, og vi vert stadig minna på kor godt vi har det.
For vi lever i ei uroleg tid. Krig og konflikt i Europa, og eit USA som er vanskelegare å forutsjå gjer at uroen kjennest nærare enn på lenge. Mange opplever mindre tryggleik, og vi blir minna på at fred og stabilitet ikkje er noko vi kan ta for gitt.
Men nettopp då blir det viktig å sjå på kva vi faktisk har her heime. I bygdene våre. I kommunen vår. Fellesskapen vår.
Noko av det sterkaste vi har, er evna til å stille opp for kvarandre.
Vi snakkar mykje om eigenberedskap. Om å vere budd dersom straumen går, vegane blir stengde eller samfunnet blir sett på prøve. Det handlar sjølvsagt om vatn, mat og utstyr. Men det handlar også om deg og meg.
Om naboen som spør om du treng hjelp.
Bygda som samlar seg.
Om folk som tek ansvar når det gjeld.
Og der har vi mange gode døme i kommunen vår.
I Oldedalen veit folk kva det betyr å vere avskorne frå omverda. Skred og rasfare har fleire gongar isolert bygda. Likevel står folk saman. Dei veit at beredskap ikkje berre handlar om system – men om fellesskap.
Det er ei viktig påminning for oss alle.
For i bygdene våre har vi noko som mange større samfunn misunner oss: Vi kjenner kvarandre. Ser kvarandre. Og når noko skjer, ventar vi ikkje på at nokon andre skal ordne opp – vi stiller opp sjølve.
Det same ser vi gjennom den enorme frivilligheita i kommunen vår.
Tenk på alle som brukar fritida si på idrettslag, korps, grendalag, brannvesen, Røde Kors, festivalar, ungdomsarbeid og dugnader. Alle som køyrer, bakar, ryddar, trener, organiserer og hjelper.
Den frivillige innsatsen er ikkje berre hyggeleg. Han er heilt avgjerande. Han skaper tryggleik, samhald og ein plass å høyre til. Det gjer bygdene våre levande.
Og kanskje er det nettopp dette 17. mai handlar om òg.
I dag går vi i tog med flagg og musikk. Barn spring rundt i bunad og dress. Vi et is og pølser og helsar på kvarandre. Det kan sjå enkelt og sjølvsagt ut – men det er eigentleg eit sterkt uttrykk for noko større:
At vi høyrer saman.
At vi tek vare på demokratiet vårt.
At vi byggjer landet vidare – ikkje berre frå Stortinget og dei store byane, men og her - mellom fjord og fjell.
Det ansvaret har vi alle.
Så på denne dagen håpar eg vi kan vere stolte – ikkje berre av historia vår, men av menneska rundt oss. Av fellesskapen vi har skapt. Og av den styrken som finst når folk bryr seg om kvarandre.
Gratulerer så mykje med dagen – og god 17. mai!
Ordførar Per Kjøllesdal gratulerer så mykje med dagen og ønskjer alle ein god 17. mai.
Sist endra 13.05.2026 09.57