Har du ungdom i huset? Bli med på foreldrekurs. Første kurs blir torsdag 16. oktober kl 14.00 - 15.30. Det blir 7-8 samlingar.
Som foreldre opplever vi mange gleder – og naturleg nok også utfordringar. I ein travel kvardag kan det vere lite tid til å stoppe opp og tenkje over korleis vi er som foreldre, og ikkje minst kor viktige vi er for barnet vårt.
Gjennom ICDP foreldregrupper får du moglegheit til å møte andre foreldre, dele erfaringar og få støtte og inspirasjon i foreldrerolla. Gruppene blir leia av helsesjukepleiar, og saman utforskar vi korleis vi kan vere trygge og støttande vaksne for barna våre.

Sist endra 29.09.2025 16.31