KiB er utarbeidd for vaksne som har behov for og ønskjer å betre evna til å meistre stor belasting. Dette gjeld belasting knytt til sjukmelding/ attføring, arbeidssituasjon, som pårørande, helseplager eller anna belasting i privatlivet.
KiB er eit læringsorientert tiltak, utarbeidd til bruk innanfor til dømes NAV, arbeidsmarknadsbedrifter, HMS-verksemder, meistringssentra, primærhelsetenesta eller andre, for å nå målgrupper som har behov for denne typen tiltak.
Målet er at kursdeltakaren skal kartlegge eigne belastingar og eiga meistring av desse, for å vidareutvikle eigen meistringsdugleik.
Oppstart: Onsdag 12. februar 2025
Tid: 17.00 – 19:30
Stad: Eid rådhus
Kursavgifta er kr. 750,- som skal betalast første kvelden og dekker kursmateriell + kaffi/ te med noko lite attåt.
For meir informasjon og påmelding:
Linda Hopland Bergset, Stryn tlf: 992 88 601
epost: linda.bergset@stryn.kommune.no
Inger Lise Nordnes, Eid tlf: 906 22 590
epost: inso1967@gmail.com
Påmeldingsfrist: Tysdag 21. januar 2025
Velkomen på kurs!