Kurs om demensvennleg samfunn torsdag 20.11 og onsdag 26.11

I Stryn kommune jobbar vi for å gjere lokalsamfunnet meir demensvennleg og vil gjerne ha med alle på laget 😊 Eit meir demensvennleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Ved at fleire i samfunnet kan litt meir om demens, blir det lettare å leve med sjukdomen. 

Kurset gir deg blant anna kunnskap om demens, kva utfordingar personar med demens kan ha i kvardagen, kommunikasjon, tilrettelegging og kva bedrifta og den enkelte kan bidra med. Ved å delta på kurset bidreg du til at personen med demens blir møtt på ein god og verdig måte som kan gjere at dei tør å gå i butikken, bruke offentleg transport, delta i kulturaktivitetar og liknande - slik dei gjorde før dei ble sjuke. 
Og med auka kunnskap om korleis du bør møte personar med demens, kan utfordringar i arbeidsdagen din også bli lettare.

  • Torsdag 20.11 kl. 18.00 i Tingsalen, Stryn kulturhus*
    Påmeldingsfrist: Tysdag 18.11

    Onsdag 26.11 kl.18:30 på Stryn Omsorgssenter, Buketten
    Påmeldingsfrist: Måndag 24.11
     
  • Varigheit: 1 ½ t -2 t
     
  • Meld deg på til Anita Skarstein: Sms til 948 25 979
    eller e-post: anita.skarstein@stryn.kommune.no


Kurset er gratis. Når minst 50% av bedrifta sine tilsette har gjennomført kurset, mottek bedrifta eit klistremerke som viser at de har kunnskap om god service for personar med demens. Klistremerket er med på å synleggjere at bedrifta har teke samfunnsansvar.

Saman kan vi skape eit lokalsamfunn der personar med demens blir møtt med forståing og respekt. 

Håpar å sjå deg og dine tilsette på kurs😊
 

*Kurset 20.11 i Tingsalen på kulturhuset blir flytta til Buketten på Omsorgssenteret dersom få påmelde.

 

Demensvennleg samfunn