Menn i helse

Er du – eller kjenner du – ein omsorgsfull mann mellom 19 og 55 år som kunne passe til å jobbe i helsesektoren? Menn i helse er for den som har rett på oppfølging og tiltak frå Nav og ønskjer ei ny retning i arbeidslivet. Over 90 % av dei som har teke fagbrev gjennom Menn i helse i regionen er no i jobb! Menn i helse er eit komprimert utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. Tilbodet er retta mot arbeidssøkande menn i alderen 19–55+ år. Deltakarane får tittelen helserekrutt.

Ta kontakt med din Nav-rettleiar for info om oppstart i 2026.

Fylkeskoordinator Mads Orheim kan òg nåast på tlf 934 51 467.

Bilde av mann - Klikk for stort bilete

 

 

Menn i helse er ein del av Kompetanseløft 2025 og Opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenestene. Regjeringa peikar på Menn i helse som ei av dei mest vellukka satsingane for å rekruttere fleire menn til helse- og omsorgstenestene. Satsinga er tverrsektoriell og gir store samfunnsgevinstar gjennom rekruttering til helsesektoren, auka mangfald og tilbakeføring til arbeidslivet. KS driv prosjektet på oppdrag frå Helsedirektoratet, i samarbeid med kommunar, Nav og fylkeskommunar.
 

Utvikling og resultat

Sidan oppstarten i Trondheim i 2010 har Menn i helse vakse kraftig. Nasjonal implementering starta i 2014, og interessa har auka år for år. I løpet av 2025 vil over 1700 deltakarar ha teke fagbrev som helsefagarbeidar gjennom ordninga.

Til kull 2025 deltok heile 1900 personar på informasjonsmøte. Over 1100 vart intervjua, og meir enn 500 starta opp som helserekruttar.
150 kommunar deltek, fordelte på 13 fylke: Agder, Akershus, Buskerud, Innlandet, Nordland, Oslo, Rogaland, Troms, Trøndelag, Telemark, Vestfold, Vestland og Østfold.

Trippel effekt

🔹 1. Rekruttering til helsesektoren
Prosjektet viser eit stort rekrutteringspotensial blant vaksne menn. Deltakarane er motiverte og held høg fagleg kvalitet – både teoretisk og praktisk.

🔹 2. Auka mangfald
Arbeidsgjevarar ønskjer fleire menn i helse- og omsorgstenestene. Når arbeidsstokken speglar brukargruppa betre, gir det meir heilskaplege og mangfaldige tenester.

🔹 3. Tilbakeføring til arbeidslivet
Deltakarane går frå å motta ytingar frå Nav til fast arbeid og skatteinntekt.
92 % av dei som har teke fagbrev gjennom Menn i helse, har relevant jobb dei kan leve av – utan Nav-ytingar. Mange av dei har vore utanfor arbeidslivet over lang tid.
 

Mot 2026

Det er eit aukande behov for arbeidskraft, særleg innan helse og omsorg. Helsepersonellkommisjonen peikar på Menn i helse som eit konkret tiltak for å styrkje rekrutteringa. Prosjektet er styrkt i statsbudsjettet for 2026, med ei løyving på 30,1 millionar kroner. Menn i helse er eit tiltak med store samfunnsgevinstar. Tre år etter oppstart har deltakarane i snitt 200 000 kroner høgare lønsinntekt enn ei samanliknbar kontrollgruppe.
Tiltaket kombinerer utdanning og arbeidspraksis, med yting frå Nav i kombinasjon med løn. 
Rekruttering av fleire menn er positivt både for kollegaer og brukarar. Utdanningsløpet styrkjer kvaliteten og opnar nye rekrutteringsvegar til helsesektoren.

🔗 Les meir og meld deg på informasjonsmøte: mennihelse.no