Minnemarkering i Stryn 22. juli 2025

Tysdag 22. juli kl. 16.00 blir det minnemarkering i Betaniaparken, Stryn sentrum. Det er då 14 år sidan terrorangrepet mot regjeringskvartalet og Utøya der til saman 77 personar vart drepne. Hanne Kristine Fridtun frå Stryn var ei av dei mange som aldri kom heim frå AUF-leiren på Utøya.

Minnemarkeringa blir ved minnestøtta i Betaniaparken.

  • Tale
  • Kransepålegging
  • Musikkinnslag
Minnemarkering - Klikk for stort bilete