MØTEPLASS - Sogn og Fjordane 27. april i Stryn

MØTEPLASS er ein arena for dialog og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk. Her kan pårørande dele erfaringar, og fagfolk få verdifull innsikt i korleis dei kan forbetre tenestene. Målet er å styrke samarbeidet og skape betre kvardag for alle involverte. Stryn, Stad og Kinn kommune, Helse Førde og LPP Sogn og Fjordane er ansvarleg for arrangementet. 

Måndag 27. april
Tid:
Pårørande: kl. 18.00–20.15 
Fagfolk: kl. 17.30–21.00
Stad: Kommunesenteret, 3. etg på Stryn Torg  
Tema: ””Tillit og tryggheit til hjelpeapparatet”
 

Kvifor delta?
For pårørande:
• Auke kunnskapen om hjelpetilbod
• Dele dine erfaringar og få støtte
• Medverke til kvalitetsforbetring
• Møte andre i liknande situasjon

For fagfolk:
• Få innsikt i pårørande sitt perspektiv
• Reflektere over eigen praksis
• Bygge nettverk på tvers av tenester

Påmelding og spørsmål?
Stryn: Kristin Heimlid Øiestad tlf: 92 62 10 76
LPP Sogn og Fjordane: tlf. 901 38 982 − sognogfjordane@lpp.no

Meir informasjon om MØTEPLASS finn du på lpp.no/moteplass