Møteplass Sogn og Fjordane - møte i Stryn 18. november
MØTEPLASS er ein arena for dialog og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk. Her kan pårørande dele sine erfaringar, og fagfolk få verdifull innsikt i korleis dei kan forbetre tenestene. Målet er å styrke samarbeidet og skape betre kvardag for alle involverte. Stad og Stryn kommune, Helse Førde og LPP Sogn og Fjordane er ansvarleg for arrangementet.
Tysdag 18. november -25
Tid:
Pårørande: kl. 18.00–20.15
Fagfolk: kl. 17.30–21.00
Tema: ”Korleis leve med det som ikkje går over.”
NB! DENNE MØTEPLASSEN ER I STRYN: MYRANE 18, STRYN OMSORGSSENTER
Kvifor delta?
For pårørande:
• Auke kunnskapen om hjelpetilbod
• Dele dine erfaringar og få støtte
• Medverke til kvalitetsforbetring
• Møte andre i liknande situasjon
For fagfolk:
• Få innsikt i pårørande sitt perspektiv
• Reflektere over eigen praksis
• Bygge nettverk på tvers av tenester
Påmelding og spørsmål?
Stryn: Kristin Heimlid Øiestad tlf: 92 62 10 76
LPP Sogn og Fjordane: tlf. 901 38 982 − sognogfjordane@lpp.no
Meir informasjon om MØTEPLASS finn du på lpp.no/moteplass

Sist endra 05.11.2025 10.26