Nominer kandidatar til Kulturpris og Ungdomens kulturstipend for 2025
Stryn kommune ønskjer forslag til kandidatar innan frist 15. oktober.
Kulturprisen er ein heider og takk til personar som har utført eit verdfullt og oppofrande kulturarbeid i kommunen. Prisen er oppretta for å stimulere til kulturfremjande tiltak og arbeid, og kan gjevast til personar, lag og organisasjonar. Kulturprisen er ein bronseskulptur av kunstnaren Jøran Flo.
Ungdommens kulturstipend vert delt ut til ein ungdom som kan fortene karakteristikken lovande innan sitt felt.
Lovande skal sjåast i høve nasjonalt, eventuelt internasjonalt nivå innan kulturfeltet, og kan tildelast ein talentfull ungdom i utvikling. Ungdommens kulturstipend kan delast ut til personar som er busette i Stryn kommune eller på annan måte har nær tilknyting til kommunen. Kulturstipendet er på 20 000 kroner, og skal vere stimulerande og motiverande til vidare satsing og utvikling til den som får det.
Sjølve utdelinga skjer i samband med kommunestyret sin julemiddag i desember.
Stryn kommune ønskjer nominerte til utdeling av årets kulturpris og ungdommens kulturstipend. Alle framlegg må vere skriftlege og ha ei grunngjeving, og sendast til Stryn kommune på e-post, postmottak@stryn.kommune.no. Fristen for innsending er 15. oktober.
Sist endra 05.10.2025 12.26