Nordfjord legevakt og Stryn legekontor

Julehøgtida nærmar seg, og vi ønskjer å minne alle om å fornye reseptar hos fastlegen og hente ut naudsynte medisinar på apoteket. Vi oppmodar også alle om å ha liggande reseptfrie smertestillande og febernedsettande medikament. Har du små born i hus bør du ha medisin som er tilpassa vekta og alderen til barnet (til dømes stikkpillar, mikstur, smeltetablettar).

Opningstider Stryn legekontor jul og nyttår:

Veke 52: 22. og 23. desember kl 09.00 - 15.00. 

Veke 1: 29. og 30. desember, og  2. januar kl 09.00 - 15.00

For sjukdom og skade som ikkje kan vente til legekontoret opnar, ta kontakt med legevaktsentralen på 116 117 i det området du bur eller oppheld deg. Dette nummeret er gratis å ringje, og kan nyttast i heile Norge.

Ring medisinsk naudnummer 113 om du treng akutt helsehjelp og det kan stå om liv og helse. Det kan til dømes vere ved ulukker, alvorleg sjukdom eller livstrugande situasjonar. Døme på nokre situasjonar der du bør ringje 113: Nedsett medvit eller medvitsløyse.

 

Med dette vil vi ønskje alle ei fredfull jul og eit god nytt år!