Ny forskrift for vass- og avløpsgebyr

Stryn kommunestyre har vedteke ny forskrift for vass- og avløpsgebyr gjeldande frå 1.1.2025.

Tilknytingsgebyr

Bustad- og fritidsabonnentar må betale ein fast sats pr. bueining -  Eigedom med hybel eller sokkelleilegheit betaler ikkje tilknytingsgebyr for første bueining som er hybel eller sokkelleilegheit.

Nærings- og kombinasjonseigedomar skal betale tilknytingsgebyr som utgjer ein fast sats etter kategoriar av utvendig diameter på inntaksleidning og/eller avløpsleidning.

Tilknytingsgebyret blir fastsett kvart år i gebyrregulativet – prisar for 2025:

Tilknytingsgebyr Vatn (kr) (Høg sats)2025
Bustad- og fritidseigedom, per bueining10.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 0-32mm20.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 33-40mm40.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 41-63mm60.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 64-110mm80.000
Nærings- og kombinasjonseigedom over 110mm100.000
Tilknytingsgebyr Avløp (kr) (Høg sats)2025
Bustad- og fritidseigedom, per bueining10.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 0-110mm20.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 111-125mm40.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 126-150mm60.000
Nærings- og kombinasjonseigedom 151-175mm80.000
Nærings- og kombinasjonseigedom over 176mm100.000

Låg sats skal nyttast når den gebyrpliktige har, etter avtale, heilt eller delvis har direktefinansiert det aktuelle infrastrukturtiltaket, gebyr for låg sats tilsvara 10% av gebyret for høg sats.

 

Årsgebyr

Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr (fastledd) og forbruksgebyr.

Abonnementsgebyr:

For bustad- og fritidseigedom skal den faste delen (abonnementsgebyr) betalast per bueining.  Alle bustad- og fritidseigedomar skal betale minst eitt abonnementsgebyr, men eigedom med hybel eller sokkelleilegheit betaler ikkje abonnementsgebyr for første bueining som er hybel eller sokkelleilegheit. 

Nærings- og kombinasjonseigedomar* skal betale gebyr etter fastsette kategoriar basert på vassforsyningskapasitet.  Kommunen må ta omsyn til at infrastrukturkostnader knytt til vatn og avløp er relativt høgare for storforbrukande abonnentar enn for ein bustadeigedom, og deler dei derfor inn i kategoriar.

 9 ulike kategoriar som går frå 1 til 300 abonnementsgebyr.
 

 Nye abonnementsgebyr  for vatn og avløp gjeldande for 2025

Årleg abonnementsgebyr (kr/år)

Enhet/antall

2025

Vatn

2025

Avløp

Bustad- og fritidseigedomar

Per boenhet

3.149

1.511

Annet enn bolig:

 

 

 

Kategori 1 (0-300) m3

1

3.149

1.511

Kategori 2 (301-1000) m3

3

9.447

4.533

Kategori 3 (1001-3.000) m3

6

18.894

9.066

Kategori 4 (3.001-6.000) m3

12

37.788

18.132

Kategori 5 (6.001-20.000) m3

24

75.576

36.264

Kategori 6 (20.001-50.000) m3

50

157.450

75.550

Kategori 7 (50.001-150.000) m3

100

314.900

151.100

Kategori 8 (150.001-500.000) m3

150

472.350

226.650

Kategori 9 (500.001-1.000.000) m3

300

944.700

453.300

 

*Kombinasjonseigedom:  Eigedom med ei eller fleire bueiningar, i tillegg til ei eller fleire brukseiningar som ikkje er bustad.  Eigedom med ei eller fleire bueiningar i tillegg til ei eller fleire bygningar for fiskeri eller landbruk vert klassifisert som kombinasjonseigedom.  Om eigedomen er seksjonert etter lov om eigarseksjonar reknast kvar bustad- og næringsseksjon som eigne bustad- og næringseigedomar.

 

Forbruksgebyr

Den variable delen av gebyret blir som hovudregel fastsett etter målt forbruk, men for abonnentar som ikkje har vassmålar må kommunen berekne forbruket.

For dei utan vassmålar blir forbruket rekna ut frå eigedomen sitt bruksareal (BRA) etter NS-3940 utifrå eit høvetal mellom bruksareal og vassvolum. Høvetalet blir fastsett i gebyrregulativet kvart år, og for 2025 er dette 1,2 m3 pr. m2 for bustadeigedomar og 0,6 m3 pr. m2 for fritidseigedomar.

 

Ny m3 frå 1.1.2025

Målt forbruk (kr/m3)VatnAvløp 
 19,7817,24

 

Følgjande eigedomar skal betale etter målt forbruk og ha vassmålar installert:

  • Næringseigedomar, medrekna bygg for offentlege føremål
  • Kombinasjonseigedom, medrekna eigedomar med ei eller fleire bueiningar i tillegg til ei eller fleire bygningar for fiskeri eller landbruk.
  • Nybygg skal installere vassmålar
  • Eksisterande eigedomar skal installere vassmålar i samband med endring på sanitærinstallasjonar

     

Døme på gebyrutrekning

Målt forbruk (200 m3):

Vatn:  3.149 kr + (200 m3 x 19,78 kr/m3) + 123 kr = 7.228 kr

Avløp: 1.511 kr + (200 m3 x 17,24 kr/m3) =  kr 4.959

 

Stipulert forbruk (180 m2 BRA):

Vatn:  3.149 kr + (180 m2 x 1,2 m3/m2 x 19,78 kr/m3) =  kr 7.421

Avløp: 1.511 kr + (180 m2 x 1,2 m3/m2 x 17,24 kr/m3) = 5.235 kr