Olden og Oldedalen utan straum etter brann i trafokiosk

Ein brann i ein trafokiosk ved Bruvoll i Olden sentrum har ført til straumbrot i Oldedalen. Mobilnettet er også ute av drift, og over 130 kundar er framleis utan straum. Linja har førebels ikkje sett noko rettetidspunkt.

Trafokiosken står i nærleiken av Bruvoll rett ved Olden sentrum. Ifølgje Linja sitt kart over pågåande straumstansar var 299 kundar berørte på det meste. Linja opplyser at dei vil vurdere aggregat. Enkelte kundar kan forvente å få straumen tilbake ved 12-tida, andre ut på ettermiddagen. 
Klokka 10.40 er 137 kundar utan straum, opplyser Linja. Rettetidspunkt er ikkje sett.

KLokka 11.25: Dei fleste har fått tilbake staumen. 

Klokka 13.50:  Alle har no fått tilbake straumen.

Kart over straumbrot