Oppmoding frå Nordfjord legevakt og Stryn legekontor
Julehøgtida nærmar seg, og vi ønskjer å minne alle om å fornye reseptar hjå fastlegen og hente ut naudsynte medisinar på apoteket.
Vi oppmodar alle om å ha liggande reseptfrie smertestillande og febernedsettande medikament. Har du små born i hus bør du også ha medisin som er tilpassa vekta og alderen til barnet (til dømes stikkpillar, mikstur, smeltetablettar).
Opningstider Stryn legekontor jul og nyttår:
Veke 52: 23. og 27. desember kl 09.00 - 15.00
Veke 1: 30. desember, 2. og 3. januar kl 09.00 - 15.00
For sjukdom og skade som ikkje kan vente til legekontoret opnar, ta kontakt med legevaktsentralen på 116 117 i det området du bur eller oppheld deg. Dette nummeret er gratis å ringje og kan nyttast i heile Norge.
Ring medisinsk naudnummer 113 om du treng akutt helsehjelp og det kan stå om liv og helse. Det kan til dømes vere ved ulukker, alvorleg sjukdom eller livstrugande situasjonar. Døme på nokre situasjonar der du bør ringje 113: Nedsett medvit eller medvitsløyse.
Med dette vil vi ønskje alle ei fredfull jul og eit god nytt år!
Sist endra 19.12.2024 10.55