Påmelding til Pårørandeskulen 2026
Er du pårørande eller nær ven til ein person med demens? Då kan Pårørandeskulen vere noko for deg.
Gjennom fem samlingar får du nyttig kunnskap om demens, kommunikasjon, rettar og hjelpeapparat – og høve til å møte andre som er i same situasjon. Fellesskap, støtte og kunnskap kan gjere kvardagen litt tryggare.
Stryn omsorgssenter, Buketten
13.10, 20.10, 27.10, 03.11 og 10.11
Gratis
Påmeldingsfrist: 4. oktober
Det er også mogleg å følgje dei faglege foredraga digitalt dersom fysisk oppmøte er vanskeleg.
INFO:
Anita Skarstein: 94 82 59 79
anita.skarstein@stryn.kommune.no
Påmeldingsskjema
Meld deg på – du treng ikkje stå åleine
Sist endra 02.09.2026 11.21