Pårørandekafé i Triangelen
Pårørande til personar med psykiske helseutfordringar eller rusproblem kan ofte kjenne seg åleine i ein krevjande kvardag. For å møte dette behovet har kommunen starta ein pårørandekafé – ein uformell møteplass der du kan møte andre i liknande situasjon, dele erfaringar og finne støtte i trygge og inkluderande rammer.
Pårørande til personar innan psykisk helse og rusfeltet er ei gruppe som ofte kjenner seg aleine. Ein kan stå i store belastningar og ha behov for nokon å dele erfaringar med. Ønskjet om pårørandekafé er å etablere ein uformell og open arena, der ein kan treffe personar som er i liknande situasjon som ein sjølv. Tilsette frå avdeling psykisk helse og rus i kommunen vil bidra i oppstart.
Samlingane er i Triangelen siste onsdag i månaden, med oppstart 25. mars. Det er ope frå kl. 18 til kl. 20. Vi serverer kaffi og noko å bite i. Tilbodet er gratis.
Velkomne til ein prat!
Kontaktperson ved spørsmål:
Kristin Heimlid Øiestad, tlf 926 21 076
Sist endra 10.04.2026 08.15