Pressemelding: Omforent avtale mellom Stryn kommunestyre og Rune Hovde 24.september 2020

Rune Hovde har vore rådmann i Stryn kommune frå 2017 -og han har hatt stillingstittel kommunedirektør frå 2020. 

Det har vorte usemje mellom kommunedirektøren og dei folkevalde om korleis kommunen sine utfordringar skal løysast. 

Etter drøftingar har partane blitt einige om å avslutte samarbeidet, og det er inngått ei avtale om dette som begge partar er nøgde med. 

Rune Hovde har likt seg svært godt i jobben som rådmann/kommunedirektør og vil sakne dyktige og lojale medarbeidarar


Per Kjøllesdal
ordførar