“Samarbeid som inspirerer – jakta på det gode laget” måndag i kulturhuset

Velkomen til Stryn kulturhus måndag 10. november kl. 18–20, det blir ein kveld full av inspirasjon og fellesskap! Sjølvaste Roger Finjord kjem til oss her i Stryn med eit inspirerande foredrag. Foredraget er gratis, ope for alle og er særleg for deg som vil vere med og påverke frivilligpolitikken i kommunen.

Roger Finjord - fotballtrenar, leiar og formidlar

held det engasjerande foredraget "Jakta på det gode laget". Med glimt i auget og varme i bodskapen deler han erfaringar om lagbygging, motivasjon og krafta i å spele kvarandre gode - på bana og i lokalsamfunnet.

  • Velkomen v/kommunedirektør Jon Nesje
  • Presentasjon av utkast til frivilligpolitikken for Stryn kommune
  • Dialog og innspel: Korleis kan vi saman skape eit sterkt og inkluderande frivillig Stryn
     
  • Bli inspirert av ein av landets mest engasjerande foredragshaldarar
  • Få innsikt i korleis frivilligpolitikken vil påverke dykk
  • Møt andre engasjerte aktørar – og bygg nye samarbeid


Gratis foredrag i Stryn kulturhus måndag 10. november kl. 18–20.  Enkel servering. 

Klikk her for å melde deg på arrangementet

Vi håpar å sjå deg der!

 

bilde av Roger på scena - Klikk for stort bilete

 

 

 

Frivilligpolitikken i Stryn

Føremål
Frivilligpolitikken skal bidra til eit inkluderande, berekraftig og levande lokalsamfunn. Stryn kommune skal styrke og vidareutvikle frivillig sektor som ein sentral samfunnsaktør, i tråd med samfunnsplanen Fagre Stryn 2.0.

Bakgrunn
Stryn kommune anerkjenner verdien av frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Frivillige organisasjonar og enkeltpersonar bidreg dagleg til å forbetre livskvaliteten for innbyggjarane, men skal supplere, og ikkje erstatte kommunen sine lovpålagte oppgåver.

Frivilligpolitikken byggjer på innspel frå lokale lag og organisasjonar, samla gjennom kafédialog 15. juni 2023, og anbefalingar frå Frivillighet Norge. Politikken er tett kopla til kommunen sitt kunnskapsgrunnlag, kommunedelplanar og samfunnsplan.

Mål og satsingsområde

Stryn kommune skal ha ein heilskapleg og berekraftig frivilligpolitikk med følgjande satsingsområde:

1.      Styrke samarbeid og samskaping mellom kommune og frivillig sektor

2.      Etablere møteplassar og digitale løysingar

3.      Rekruttere nye frivillige og styrke mangfaldet

4.      Tilby opplæring og kompetanseheving

5.      Forenkle tilskotsordningar og synleggjere frivilligheita

6.      Utvikle samarbeidsforum og vidareføre stillinga som fritidskoordinator

Roller og ansvar

Stryn kommune skal:

·         Stimulere og legge til rette for frivillig arbeid

·         Vere ein samlande samarbeidspartnar

·         Ha oversikt over frivilligheita og støtte eksisterande tilbod

·         Ikkje konkurrere med frivilligheita, men vere støttespelar

·         Vidareføre stillinga som fritidskoordinator

·         Utarbeide samarbeidsavtalar med organisasjonar

·         Legge til rette for årlege dialogmøter

·         Digital synleggjering og felles årshjul for aktivitetar via t.d. istryn.no

·         Legge til rette for eit samarbeidsforum med kommune, idrettsråd og kulturråd

Frivillige lag og organisasjonar skal:

·         Vere uavhengige, mangfaldige og tilgjengelege

·         Bidra med kultur, integrering, beredskap og møteplassar

·         Samarbeide med kommunen på ein likeverdig og gjensidig måte

·         Bidra til eit inkluderande, berekraftig og levande lokalsamfunn.