Sjølvmordstankar – korleis søkje hjelp?

Sjølvmordstankar kan oppstå av mange ulike årsaker. Dersom du sjølv ber på slike tankar, eventuelt at du er bekymra for eller får vite at nokon du kjenner har tankar om sjølvmord, er det viktig at du tek det på alvor. Ta kontakt med vedkomande som slit og avklar om bekymringa di er rett. Dette er eit vanskeleg, men avgjerande spørsmål. Sjå denne lenka for å sjå kva spørsmål du kan stille i denne samtalen.

Sjå til at den det gjeld så raskt som mogleg søker relevant hjelp. Kontakt ein fagperson dersom du framleis er bekymra og er usikker på kva du skal gjere.

Dersom du har, får vite om eller er bekymra for at nokon har sjølvmordstankar eller -planer, ta kontakt med:

Legevakten 116 117

Øyeblikkeleg hjelp 113

 

Ambulant team, Nordfjord psykiatrisenter

Det er fastlegen din eller NAV som kan tilvise deg til behandling her. Men treng du øyeblikkeleg hjelp, er pårørande, eller tilsett i hjelpeapparatet kan du ta direkte kontakt med teamet for rask vurdering. Psykiatrisenteret 57 86 43 30 - Ambulant team med akuttfunksjon, vakttelefon 415 30 370.
 

Psykisk helsehjelp til barn og ungdom med sjølvmordstankar

Du kan kontakte helsesjukepleiar, skulehelsetenesta eller psykisk helsearbeidar for barn og ungdom når barn eller ungdom strevar med tunge tankar eller er i ein vanskeleg situasjon. Dei kan hjelpe deg, og også vurdere kva som er riktig hjelp.

Fastlegen kan henvise til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP)
eller Nordfjord psykiatrisenter (distristriktspsykiatrisk senter) om det er behov for det.

Psykisk helsearbeidar og psykisk helsearbeidar barn og ungdom er tilgjengeleg måndag til fredag på dagtid.
 

Hjelpetelefonar

  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
     

Nyttige lenker

Nasjonalt senter for selvmordsforskning og forebygging
med.uio.no

Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord
lfss.no

Landsforeningen for etterlatte ved selvmord
leve.no

Om sjølvmord og sjølvmordstankar
helsenorge.no

– Det er ei myte at det er farleg å snakke om sjølvmordstankar. Å snakke om sjølvmord med nokon som slit kan faktisk redde liv og det kan ha beskyttande effekt, fortel Jan Olav Johannessen, forskingssjef ved Klinikk psykisk helsevern og professor ved Stavanger universitetssjukehus. Kan vi endre den oppfatninga, kan vi kanskje redde liv. Derfor startar no føretaka i Helse Vest ein folkeopplysningskampanje: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

 

Er du etterlaten etter sjølvmord og ønskjer nokon å snakke med, ta gjerne kontakt med LEVE lokalt (Facebook: LEVE Sogn og Fjordane).