Skal du kvitte deg med avfall i sommar?

Avfallet vårt har ein verdi. Når vi sorterer og handterer det rett, kan meir av det nyttast om att og gjenvinnast til nye råvarer eller energi. Gjenbruk og ombruk er den beste forma for ressursutnytting. Avfall er ikkje berre noko vi kvittar oss med. Det er ein verdifull ressurs som kan få nytt liv gjennom god sortering. 

Her finn du ei oversikt over nokre vanlege avfallstypar og korleis du skal kvitte deg med dei:

Farleg avfall 

Avfall som kan føre til alvorleg forureining, miljø- eller helseskade er farleg avfall. Alle NOMIL sine private abonnentar kan levere inntil 1000 kg farleg avfall kvart år, og inntil 500 kg pcb-haldig isolerglass kvart år utan å betale ekstra for dette. 

Døme på farleg avfall er måling, lim, olje, løysemiddel, etsande avfall, sterke reingjeringsmiddel, plantevernmiddel, sprayboksar, oljefilter og batteri. Byggemateriale kan også vere farleg avfall. Døme på dette er isolerglasruter, golvbelegg av vinyl, røyrisolasjon, isolasjonsskum og asbesthaldig avfall.
Les meir om levering av farleg avfall til NOMIL sine gjenbruksstasjonar her

Bildekk 

NOMIL tek ikkje i mot bildekk, men du kan levere kasserte bildekk gratis til alle dekkforhandlarar eller forretningar som sel dekk. Dette følgjer av produsentansvaret. Det er forbode å deponere brukte dekk. 

Tekstil

Ein kan levere tekstil som er heil, rein og tørr i utplasserte innsamlingsboksar. 
Les meir om dette på NOMIL sine sider

Framande artar i hagen  

Hageavfall som inneheld skadelege framande artar kan leverast til NOMIL. Avfallet skal pakkast i sekk, og leverast som restavfall på gjenbruksstasjonen.
Les meir om temaet her

Heimekompostering 

Visste du at NOMIL oppmoder abonnentane sine til å kompostere matavfallet sitt? Dei gir også  rabatt på årsgebyret for abonnentar som har heimekompost. 
Les meir om dette på NOMIL sine sider

Brenning av avfall er forbode 

Brenning skal ikkje fungere som ein metode for å kvitte seg med avfall.

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Stryn kommune, Vestland