Skarsteinvegen opna for gåande og syklande

Under ekstremvèret Jakob 31. oktober 2024 glei del av skråninga til Skarsteinvegen ned i Svoragjølet og vidare ned til fylkesveg 60. Skarsteinvegen vart stengd  straks etter utglidninga og er framleis stengd.

 

Kommunen arbeider med innhenting av tilbod på grunnundersøkingar ved raset i Svoragjølet. Desse undersøkingane vil legge grunnlag for vidare prosjektering og utføring av sikringsarbeidet som er naudsynt for å opne vegen igjen. Dette er arbeid som vil ta ei god stund og det er vanskeleg å estimere tidspunkt for ferdigstilling.

Inntil vidare har kommunen bestemt å opne for gåande og syklande forbi rasstaden.