Skarsteinvegen opna onsdag 10. desember
Skarsteinvegen, forbi Svoragjølet, opna onsdag 10. desember. Arbeidet med sikring av skråninga er ferdig og vegen er dermed klar for trafikk. Kommunen vil i dagane som kjem rydde opp i skilta i området, samt sette snøstikker forbi.
Den 31. okt i fjor gjekk det eit stort flaumskred ved Svoraelva på Skarstein i Olden. Den kommunale vegen til Ytre Skarstein rasa ut ved Svoragjølet og vegen har vore stengd til i dag.
Sist endra 11.12.2025 08.33