Søk støtte til inkluderande møteplassar – ny tilskotsordning frå Stryn kommune

Stryn kommune har fått midlar frå Helsedirektoratet for å skape inkluderande møteplassar i lokalsamfunnet. Målet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester. Vi ønskjer fleire sosiale og tilgjengelege aktivitetar i bygdene – tilpassa ulike behov og interesser.

Formålet med ordninga

Hovudmålet er å motverke einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekking blant vaksne. Gjennom denne tilskotsordninga støttar vi lågterskeltilbod som fremjar sosialt fellesskap og fysisk aktivitet.

Du kan søkje støtte til aktivitetar innan tre kategoriar, i tillegg til transportkostnader. Aktivitetane skal gjennomførast i løpet av 2025. Det er eit pluss om prosjektet har ein plan for vidareføring etter prosjektslutt. Kvar kategori krev eigen søknad.


Desse kategoriane kan du søkje støtte til:

1. Fleirkulturelle arrangement

Arrangement og aktivitetar med fokus på inkludering, til dømes:

  • Matfestivalar
  • Musikk- og danseframsyningar
  • Språkkafé
  • Faste møteplassar som fremjar forståing og respekt

💰 Søknadspott: kr 70 000
 

2. Formidling av kulturarv

Møteplassar der vaksne kan dele kunnskap og kulturarv med andre. Målet er å etablere varige møteplassar i bygdene.

💰 Søknadspott: kr 70 000
 

3. Fysisk aktivitet for eldre

Aktivitetar som skal styrkje fysisk og psykisk helse hos eldre vaksne. Det bør leggjast opp til 2–4 faste økter i månaden.

💰 Søknadspott: kr 70 000

Søknadsfrist: 10. juli 2025
 

Trykk her og fyll ut søknadsskjemaet Inkluderande møteplassar
 


Dette må du bl. a. svare på i søknaden:

Korleis skal tiltaket bidra til måloppnåing for ordninga?
Korleis vil de rekruttere målgruppa?
Korleis skal målgruppa få medverke i planlegging og gjennomføring?
Kvifor er tiltaket viktig ut frå lokale forhold?
Korleis skal tiltaket gjennomførast?

📩 Har du spørsmål? 
Ta gjerne kontakt med
fritidskoordinator siri.opsahl@stryn.kommune.no