Stikk UT!

Fjordane friluftsråd har saman med fleire andre friluftsråd i landet starta arbeidet med å etablere den populære turtrimmen Stikk UT! I 2024 kan ein finne og registrere turar i Stryn, Stad og Kinn i Stikk UT! appen.

Å vere med på Stikk UT! er gratis, og passar for alle. Alt du treng å gjere er å laste ned Stikk UT!-appen, lage deg ein profil og registrere turkoden på turmåla du er innom i løpet av sesongen. I appen kan ein finne turar, halde oversikt over kva turar ein har registrert og sjå ulike topplister. Det er mogleg å delta anonymt om ein ikkje vil vere synleg på listene.

Det er 29 turar som er valt ut som Stikk UT! turar for sommarsesongen 2024. 
Åtte av desse er i Stryn kommune:

  1.  Hestehytta
  2.  Vetledalen
  3.  Kloppemyrhytta – Dagsturhytta
  4.  Huaren
  5.  Spjelkebu
  6.  Holsetra
  7.  Høgefjellet frå Randastøylen
  8.  Sagedammen
     

I appen er det turskildringar og gps spor for alle turane. På alle turar er det Stikk UT! skilt der ein kan parkere, og kodemerke på turmålet.

Vi håpar så mange som mogleg tek utfordringa og Stikk UT! på tur i sommar.

God tur!

Bilde av hytta - Klikk for stort bileteKloppemyrhytta, dagsturhytta.Bilde av hytta - Klikk for stort bileteHestehytta.