STRYN LEGEKONTOR STENGT 11.11 kl 14-16 og heile dagen 12.11
Komande veke skal journalsystemet til legekontoret endrast. Legekontoret må av den grunn halde stengt tysdag 11. november kl 14-16 og heile onsdag 12. november.
Daglegevakta for Stryn kommune blir desse dagane samlokalisert på Nordfjordeid sjukehus saman med den interkommunale legevakta.
Treng du legevakt ringjer du 116 117
For akutt hjelp ringjer du 113
Legekontoret blir i ordinær drift igjen torsdag 13. november
På førehand takk 
Sist endra 07.11.2025 14.39