Test av Nødvarsel

Onsdag 11. juni kl 12.00 blir nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg testa over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Om testen

Det er politiet som sender ut testen Nødvarsel på mobil, på same tid testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøva 11. juni skjer over heile landet, rundt kl 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dei rundt deg, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
 

Kven får testen?

Testen blir sendt ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Norge og kopla til 4G/5G-nett, kan motta testen.

Du finn meir informasjon om kva einingar som kan ta imot Nødvarsel på nettsidene til styresmaktene.

Om du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru han heilt av i god tid før og etter kl  12 den 11. juni. Lydlaus, låg lyd eller dempa varsling blir overstyrt.
 

Kvifor testar vi?

Nødvarsel på mobil blir testa for å gjere innbyggjarane kjende med korleis folk opplever å få eit nødvarsel, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.

Ved ei reell hending vil eit nødvarsel innehalde informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.

Testing av tyfonane blir gjort for å avdekke tekniske feil og for å gjere folk kjende med lyden og signalet. Signalet som blir testa under varslingsprøvene heiter «Viktig melding – søk informasjon», og består av tre seriar med tute-signal med eitt minutts pause mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet, betyr det at du skal søkje informasjon. Oppdatert informasjon om situasjonen og kva du skal gjere, blir gitt gjennom ulike medium – som radio, TV, nettsidene til myndigheitene og sosiale medium.

sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.