Tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy og tunge køyretøy 2025

Du kan no søkje tilskot til utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar for elektriske køyretøy og tunge køyretøy i Vestland. Søknadsfrist er 4. august 2025.

Fylkeskommunen tilbyr investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar for elektriske køyretøy og tunge køyretøy. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der utbygging ikkje kan skje på kommersielt grunnlag åleine, samt bidra til berekraftig verdiskaping.
 

Kven kan søkje?

I hovudsak er det kommunar og private hurtigladeoperatørar som kan søkje.

Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, kommunar, eigedomsforvaltarar, helseføretak, handels- og serviceverksemder, og kraftselskap i prosjektet. Det er òg ynskjeleg med speiselag, der ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot eller anna frå kommunar eller Merkur-programmet, som gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.

 

Meir informasjon, tildelingskriterie, fristar, vilkår og søknadsskjema finn du her