Tilskot til innsamling av stadnamn

Språkrådet lyser ut tilskot til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 7. april 2026.  Målet er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne før dei går tapt. Gjennom støtte til lokale aktørar skal namna samlast inn, dokumenterast og gjerast tilgjengelege i ein nasjonal namnebase ved Universitetet i Bergen, slik at dei kan nyttast både i forsking og som kjelde til kunnskap om immateriell* kulturarv.

Korleis søkje?

Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for tilskotsordninga. Søkjaren må sjølv utforme søknaden.

Send søknaden til:

Språkrådet
Postboks 1573 Vika
0118 Oslo

eller på e-post til post@sprakradet.no.

Merk søknaden «Tilskotsordninga for innsamling og registrering av stadnamn».

Kva skal søknaden innehalde?

  • kort omtale av det geografiske området for innsamlingsprosjektet
  • opplysningar om søkjaren, inkludert adresse og eventuelt organisasjonsnummer
  • namn på prosjektleiaren
  • prosjektskisse
  • framdriftsplan
  • samarbeidspartnarar
  • budsjett og søknadsbeløp

 

Les meir om ordninga på Språkrådet sine sider
 

*Når ein seier at stadnamn er ein del av den immaterielle kulturarven, meiner ein at dei er ein del av den kulturelle arven vår, sjølv om dei ikkje er fysiske objekt – dei lever i språket, historia og minnet til folk.