Tilskot til tiltak for innlandsfisk 2025

Vestland fylkeskommune lyser ut kr 200 000 til tiltak for innlandsfisk i Vestland. Formålet med tilskotsmidlane er å forbetre innlandsfiskebestandane, motivere til innlandsfiske, og informere om kvar det er tilgjengeleg innlandsfiske.

Kva kan få støtte?

  • Tiltak som fremjer innlandsfiske, og gjer fisket tilgjengeleg for allmenta
  • Støtte til utstyr for bestandsreduserande tiltak
  • Faglege utgreiingar om fiskebestandar i vassdrag med forslag til tiltak for å betre fiske for allmenta
  • Kultiveringstiltak som er beskrive i faglege utgreiingar for det enkelte vassdrag
  • Informasjons- og kunnskapsformidlingstiltak om moglegheiter for innlandsfiske i Vestland
  • Utfisking av framande fiskeartar
     

Kven kan søke?

Kommunar, grunneigarar og grunneigarlag med allment tilgjengeleg fiske, fiskeforeiningar og andre interesseorganisasjonar, som legg til rette for innlandsfiske for allmenta.

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 16. mars 2025. 

Informasjon og søknadsskjema