Statsforvaltaren i Vestland gjennomførte 24.–25. mars 2026 tilsyn med heimetenestene i Stryn kommune. Tilsynet var ein del av eit landsomfattande arbeid som undersøker korleis kommunane følgjer opp heimebuande eldre, særleg når det gjeld å oppdage og handtere forverring i helsetilstanden.
Undersøkte oppfølging av eldre over 75 år
Formålet med tilsynet var å undersøkje om kommunen sikrar at endringar i helsetilstand og funksjonsnivå hos eldre over 75 år vert oppdaga tidleg, og om nødvendige tiltak vert sette i verk når behov oppstår.
Tilsynet omfatta mellom anna korleis heimetenesta observerer brukarane, dokumenterer endringar og samarbeider om vidare oppfølging.
Ingen lovbrot avdekte
Statsforvaltaren konkluderer med at det ikkje er avdekt lovbrot i Stryn kommune.
Dette betyr at kommunen i hovudsak oppfyller krava til forsvarlege helse- og omsorgstenester innanfor området som vart undersøkt.
Rapporten viser at heimetenesta i stor grad klarer å fange opp endringar i helsetilstanden hos brukarane, og at nødvendige tiltak vert sette i verk når det er behov for det.
Peikar på forbetringsområde
Sjølv om tilsynet ikkje avdekte lovbrot, peikar Statsforvaltaren på enkelte område med forbetringspotensial. Dette gjeld mellom anna:
- ulik praksis i rapportering og dokumentasjon
- behov for meir systematisk opplæring av tilsette
- betre bruk av rutinar og kvalitetsarbeid
Statsforvaltaren vurderer at desse forholda kan gi auka risiko for svikt dersom dei ikkje vert følgde opp. Samstundes er risikoen ikkje vurdert som så stor at det utgjer brot på regelverket.
Vi arbeider vidare med kvalitetsforbetring
Stryn kommune vil arbeide vidare med å styrke kvaliteten og sikre endå meir systematisk oppfølging av tenestene.
Målet er å gi trygge, føreseielege og gode tenester til heimebuande eldre i kommunen.