Tomter ledige i Solvik frå våren 2026
Stryn kommune opparbeider no eit bustadfelt i Solvik, Loen der 21 tomter vil bli klare våren 2026.

Feltet Leitekvia - Solvik består av 21 tomter for frittliggjande einebustadar med høve til å innreie utleigehusvære i underetasje, fordelt på område BFS3, BFS4 og BFS5. Elles er det tre tomter for tett busetnad/ blokker med minimum 6 bueiningar innanfor kvart område (BBB1, BBB2 og BBB3).
Tomtene vert lagt ut for sal når infrastruktur som veg, vatn, avlaup og straum er ferdig opparbeidd. Estimert salsstart er våren 2026. Det er ikkje høve til å setje seg på venteliste eller reservere tomter.
Stryn kommune vil ikkje gå ut med prisar før feltet er ferdig opparbeidd og dei endelge kostnadane er kjende.
Tomtene vil bli annonsert i Fjordingen, på Stryn kommune si heimeside og Facebook når tomtene er salsklare.
Tildeling skjer etter tomtetildelingsreglane vedtekne av kommunestyret:
Tildelingsreglar for sal av kommunale bustadtomter (PDF, 146 kB)
Reguleringsplankart, føresegner mm
Sist endra 07.01.2026 15.23