TV-aksjonen 2025: Saman opnar vi dører
Søndag 19. oktober skjer det: Då går heile Norge saman for å støtte verdas største dugnad – TV-aksjonen 2025! I år er slagordet «Sammen åpner vi dører», og det handlar om å gi fleire menneske sjansen til eit tryggare og meir verdig liv.
Årets TV-aksjon gir oss høve til å forandre liv. Pengane vil sikre at menneske med funksjonsnedsetjingar i nokre av dei mest utsette områda i verda får tilgang til naudhjelp, utdanning og moglegheit til å leve verdige og sjølvstendige liv. Saman opnar vi dører til ei tryggare og meir inkluderande framtid.
Varaordførar Sonja Øvre-Flo er ansvarleg for TV-aksjonen i Stryn kommune.
Stryn kommune
Bli med på dugnaden!
Varaordførar Sonja Øvre-Flo var veldig fornøgd med bøsseberarane frå fjorårets aksjon og håpar at alle stiller på i år og. Over 100 000 bøsseberarar skal ut og banke på dørene i heile landet. Det er ein tradisjon som samlar store og små, naboar og vener – og som viser kva vi kan få til når vi står saman.
Slik kan du bidra:
- Meld deg som bøsseberar på blimed.no
- Gi eit bidrag via Vipps, konto eller under sendinga på NRK
- Arranger ei innsamling på jobben, skulen eller i lokalmiljøet
- Del bodskapen vidare i sosiale medium
Saman opnar vi dører – både bokstaveleg og symbolsk.
TV-aksjonen er ei unik moglegheit til å vise solidaritet i praksis. Kvar krone tel. Kvar dør som blir opna, betyr ein ny sjanse for nokon.
Er du med?
INFO OM TV-AKSJONEN
Sist endra 16.09.2025 13.02