Ukm Stryn 2024

Det var eit forrykande show vi fekk servert i Stryn kulturhus laurdag ettermiddag. 60 deltakarar bidrog med musikk, kunst, musikal, dans, film, programleiing og mykje glede. 

Gratulerer med vel gjennomført UKM til alle deltakarar!

Det var eit imponert fagpanel, både over utstillinga og sceneforestillinga. 

  • Deltakarane er utruleg gode, og det er kjekt å sjå nivået på alle, både små og store! Det spår godt for framtida for UKM, og så håpar vi at endå fleire vil vere med til neste år, seier Gudrun Bergset, som saman med Peder Skåden og Kristian Haugen, utgjorde fagpanelet. 

 

Dei som får representere Stryn på fylkesfestivalen i Førde er:

- Totally fine, dans med Helena Sande Rake, Benedikte Brekke Mannset, Niva Lunde Hallor og Sunniva Kupen

- Klara Bergem Bø, med songen "Fordi eg elskar deg"

- Natasha Piwko, med teikninga "Dei magiske steinane"

- Konferansierane Benedikte Brekke Mannset og Niva Lunde Hallor