Ungdomens kulturstipend og Kulturprisen 2025

I dag feirar vi det som gjer Stryn til meir enn ein stad på kartet. Vi feirar kulturen, fellesskapet og menneska som skapar magiske augeblikk og varige verdiar. Prisane som vert utdelt er ikkje berre ei utmerking, den er ein takk til dei som gir av seg sjølv, som bygger bruer mellom generasjonar og som viser oss kva engasjement og samarbeid kan utrette.

Årets prisvinnarar har på kvar sine måtar sett djupe spor i lokalsamfunnet. Dei har skapt opplevingar, møteplassar og minner som gjer Stryn rikare – både kulturelt og sosialt. 
 

Ungdomens kulturstipend 2025

Ungdomens kulturstipend blir i år delt ut til to ungdomar. Dei har synt eit imponerande engasjement og ansvar i ung alder, og får kvar sine stipend – både for einskildprestasjonane, men også for alt arbeidet dei la ned i eit felles prosjekt.

 

Klara Bergem Bø

Gjennom song, idrett og teater har ho bidrege i kulturlivet på ulike måtar. Som trenar for handballaget J14 har ho synt eit stort engasjement og trenarferdigheit, som ho også har nytta som instruktør på Allidrett-skulen, i regi av Stryn turn- og idrettslag. Songtalentet har fleire av oss hatt stor glede av å få oppleve, og flest kanskje i vår med suksessoppsettinga Mamma Mia- The Party. Som initiativtakar har Klara tatt eit stort ansvar for heile prosessen – Samtidig som ho briljerte på scena i ei av hovudrollene.

 

Niva Lunde Hallor

Ho har vore aktiv innan dans, teater, song og idrett gjennom heile livet. Gjennom UKM har ho over fleire år gjort ein stor innsats som UNG-ambassadør, på scena som programleiar, dansar og songar. Sesongen 2024/2025 var ho trenar for handballaget G10 og instruktør på Allidrett-skulen i regi av Stryn turn- og idrettslag. Handballen har dei siste åra tatt større del av kvardagen, ho har stadig markert seg i kamp på handballbana, og i haust byrja ho på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Det blir spanande å følgje reisa di vidare, også på dette feltet.
 

Frå venstre: Avdelingsleiar for kultur i Stryn kommune, Ingrid Heieren Sølvberg, delte ut diplom og stipend til Niva Lunde Hallor og Klara Bergem Bø, saman med leiar for Utval for samfunnsutvikling, Arnljot Sæternes. Stryn kommune

Mamma Mia – The Party 

Gjennom oppsettinga av musikalen Mamma Mia – The Party har Klara Bergem Bø og Niva Lunde Hallor skapt noko som vil bli hugsa i Stryn i lang tid. Som initiativtakarar har de tatt eit ansvar langt utover det som kan forventast av ungdom. Frå den første idéen til ferdig forestilling har de stått i spissen for heile prosessen – søknadar, sponsormidlar, organisering, rekruttering og gjennomføring. De har synt ein imponerande kombinasjon av profesjonalitet, kreativitet og uthaldenheit.

De to har skapt eit inkluderande miljø der menneske i alle aldrar har kjent på eit fellesskap. De er kjente som «ja»-menneske som skapar energi og samhald. Musikalen samla generasjonar, skapte minner for livet og viste kva kraft som ligg i lokal ungdomskultur. Prosjektet har ikkje berre vore ei kulturoppleving, men også eit inspirerande løft for frivillig kulturliv. De har synt at ungdom kan ta store initiativ og lykkast med prosjekt som engasjerer heilt bygda.

De har gjenreist teatertradisjonen i Stryn med ein produksjon som fylte kulturhuset fem gongar og samla over 1600 publikummarar, i eit kulturhus fylt av latter, song og gode prestasjonar. 

Klara og Niva har vist at drøymer kan bli verkeleg når ein tør å satse.  Dykkar innsats er førebiletleg for unge kulturarbeidarar og eit bevis på at engasjement og samarbeid kan skape magi.

Kulturprisen for 2025 i Stryn kommune gjekk til dugnadsgjengen ved Sagedammen. Her representert ved Anne Stubdal, Hallvard Almenning, Alvhild Almenning, Ottar Ulvedal og Gunnhild Bergset. Foto: Stryn kommune

Kulturprisen 2025

Prisvinnarane er eit strålande eksempel på kva lokal dugnadsånd kan utrette. Gjennom fleire tiår har dei lagt ned eit imponerande frivillig arbeid for å skape, restaurere og vedlikehalde eit unikt kultur- og friluftsområde på Nordsida. Med omtanke for natur, historie og lokalsamfunn har dei skapt ein møteplass som gler både innbyggarar og tilreisande – ein stad der kulturarv og fellesskap går hand i hand.

Gjengen har mellom anna restaurert den gamle oppgangssaga og vasshjul, bygd eldhus med steinomn, tilrettelagt turstiar og skapt eit levande kulturminne. Sagedammen er i dag ein arena for store og små arrangement gjennom året; kulturdagar, konsertar, julemarknad og sosiale samlingar. Men først og fremst ein stad for kvardagsfellesskap – der born fiskar og leikar, ungdom møtast og eldre finn ro og minner. 

Prisvinnarane «Dugnadsgjengen ved Sagedammen», også kalla tysdagsgjengen, består av pensjonistar. De møtast for å arbeide ved Sagedammen kvar tysdag gjennom heile året, og dei som ikkje lenger kan bidra med arbeid møter gjerne for å drikke kaffi og prate. For det sosiale er minst like viktig. 

At alt dette eksisterer er inga tilfeldigheit. Heldigvis omfamnar de alltid nye krefter, og støttar idear frå yngre generasjonar slik at endå fleire føler eigarskap til området. Og det er viktig for at området ved Sagedammen kan leve vidare, tufta på dykkar grunnlag og verdiar.

Arbeidet de har lagt ned er ekte kulturarbeid – frå hjartet, for folket. Og syner korleis eldsjeler kan gjere bygda rikare både kulturelt og sosialt. Dugnadsgjengen ved Sagedammen er ein inspirasjon for heile kommunen, og deira innsats fortener den største heider.

Kulturprisen 2025 går til Dugnadsgjengen ved Sagedammen.

Til all prisvinnarar – Tusen takk for at de viser oss kva kultur betyr i praksis. Det handlar ikkje berre om kunst og uttrykk, men om fellesskap, identitet og livsglede. De har skapt noko som vil leve vidare, og de har inspirert oss alle til å ta vare på det som er vårt – og til å drøyme stort.

 

Gratulerer så mykje med Kulturpris og Ungdomens kulturstipend i 2025!