Unikt samarbeidsprosjekt formelt avslutta
Samarbeidsprosjektet mellom Stryn kommune og fylkeskommunen om bygging av 1,1 km gang og sykkelveg frå Loen til Solvik er no formelt avslutta. Stryn kommune, fylkeskommunen og entreprenøren Volda Maskin har alle lært mykje av unikt samarbeid som kan danne mønster for fleire liknande prosjekt i framtida.
Gangvegen måtte vere på plass før kommunen kunne etablere bustadfeltet Solvik. Ved å lyse alt ut som eit anbod, med to byggherrar, vart gangveg, veg til Solvik og internvegar i bustadfeltet utført i eitt anbod og av same entreprenør. Samarbeidet gav ein viktig gangveg langs ein sterkt trafikkert fv 60 og samtidig utløysing av nytt bustadfelt for til saman 40 bueiningar.
Undervegs har entreprenøren nytta overskotsmasse i gangvegprosjektet til masse i det kommunale prosjektet. Dermed har alle drege nytte av kort avstand og god felles logistikk.
Prosjektet går no vidare med ein byggherre for sluttføring av vegen til Leitekvia og bustadfeltet sommaren 2025.
Bildet: Frå venstre prosjektleiar i Vestland fylkeskommune Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar Stryn kommune Solrun Alden Gjelsvik, kommunedirektør Jon B. Nesje, seksjonsleiar - planlegging og utbygging / infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune Gunnar Solbakken.
Stryn kommune
Sist endra 20.11.2024 09.31