Utrygg is på fjorden og vatna – vis varsemd
Hugs at isen på fjorden og vatna kan vere utrygg no når vi går inn i helga. Varierande temperaturar gjer at isen kan vere tynn og ujamn, sjølv om han ser trygg ut. Vi oppmodar alle om å vere ekstra forsiktige og unngå ferdsel på isen der ein ikkje er heilt sikker på tilhøva.
Bruk gjerne den islagde kunstgrasbana ved Stryn stadion. Ei trygg oppleving for både store og små.
Ta vare på deg sjølv og andre – tryggleik kjem først.
Sist endra 09.01.2026 11.18