8. september 2025 er det stortingsval. Her finn du oversikten over når, korleis og kvar du kan stemme.
Stad og tid du kan stemme måndag 8. september:
Stryn kulturhus 10:00 – 21:00
Olden skule 12:00 – 20:00
Vikane skule 12:00 – 20:00
Nordsida skule 13:00 – 19:00
Kven kan stemme?
Du som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er norsk statsborgar, kan stemme ved stortingsval. Det er ein føresetnad at du står oppført i manntalet (liste over alle med stemmerett).
Korleis stemmer du?
- ta med legitimasjon med bilde
- gå til ein stemmeavlukke der alle vallistene ligg
- vel lista du ønskjer å stemme på
- brett lista med stempelsida ut slik at ingen ser kva liste du har valt
- vis legitimasjon til ein valfunksjonær
- få lista stempla av ein valfunksjonær før du legg den i forsegla valurne
MERK: Nytt ved årets stortingsval er at du ikkje kan gjere endringar på lista
Førebels valresultat
Førebels resultat vert publisert fortløpande på valgresultat.no etter klokka 21.00 på valdagen.
Sist endra 15.05.2025 14.04