Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing (KU) for masselager i Stryn kommune og i Skjåk kommune, med heimel i plan- og bygningslova § 11-12. Dette er ein del av prosjektet Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.
Ny tunnel på Strynefjellet vil generere store mengder overskotsmassar, og det vil difor vere behov for å greie ut område for lagring og/eller deponering av bergmassane. Arbeidet med masselager i Stryn og Skjåk vil bli gjennomført som eigne planprosessar. Kommunane vil vere planmynde, og Statens vegvesen vil vere tiltakshavar og forslagsstillar til planane.
Dokument på høyring rundt masselagring i Stryn og Skjåk kommunar:
Det skal utarbeidast tre parallelle kommunedelplanar med konsekvensutgreiing. Ein for hovudprosjekt med tunnel veg i dagen, ein for masselager i Skjåk kommune og ein for masselager i Stryn kommune.
Innspel og merknader
Statens vegvesen ønskjer synspunkt, innspel og relevante opplysningar til prosjektet. Også innspel til nye masselagringsområde som kan vere eigna, og som kan gi positiv etterbruksverdi. Døme på område som kan vere aktuelle er område der massar kan nyttast til å auke jordbruksverdi gjennom nydyrking eller heving av jorde, prosjekt i nærleiken som treng massar, og utbygde areal for mellomlagring av massar.
Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast innan 15. januar 2026:
- via skjema i den digitale medverknadsportalen
- på e-post til firmapost@vegvesen.no, eller
- per brev til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål i samband med planarbeidet, ta kontakt med:
- prosjektleiar Rolf Arne Hamre, e-post: rolf.hamre@vegvesen.no, tlf. 909 22 459,
- planleggingsleiar Eva-Lena Winge, e-post: eva-lena.winge@vegvesen.no, tlf. 481 53 885
Informasjon frå Statens vegvesen