Vegarbeid og stenging i Vikalida og på Bergsida

Det skal gjennomførast utbetringar på vegstrekket Vikalida/Bergsida, og dette medfører vegstengingar i korte periodar dei neste vekene. Arbeidet startar denne veka og vil halde fram i ein periode framover.

Det skal gjerast utbetringar på vegen frå Vikalida til Bergsida, og i samband med dette vil det vere behov for å stenge vegen på nokre korte strekk dei neste vekene grunna utskifting av dårlege masser. Når vegen er stengd vert det skilta med blindvegskilt i krysset Grandevegen/Vikalida, samt i krysset Bergsida/Rv15. Stenging skjer berre om arbeidet er for omfattande til at trafikken kan sleppast forbi, og i så tilfelle skal det skje innanfor ordinær arbeidstid og slik at skuleskyssen kan passere. På kveld og natt vil vegen vere open.

Arbeidet med å utbetre vegen er venta å starte denne veka og vil pågå nokre veker framover.

 

kart med innteikna raud veg - Klikk for stort bilete