Vegarbeid på Jakob Aalands veg
Måndag 7. september 2026 startar entreprenøren arbeidet med rensking av grøfter og utskifting av dårlege masser på Jakob Aalands veg i Randabygda.
Vegen vil tidvis vere stengd på ulike strekningar medan arbeidet går føre seg. Når vegen er stengd, blir det omkøyring via Hoplandsvegen.
Arbeidet er venta å vare i nokre veker. Oppgravne område vil bli asfalterte før vinteren.

Sist endra 03.09.2026 14.28