Velkomen til folkemøte i høve planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger

Folkemøte i Stryn kulturhus, kultursalen 4. desember 18 - 20. 

Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.  Send inn dine innspel no!

Innspel og merknader kan sendast innan 15. januar 2026

Meir informasjon om saka på Statens vegvesen sine sider

Det skal utarbeidast ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og målet er få ein ny vintersikker fjellovergang med lang tunnel. Eit løp mot Geiranger blir planlagt mot nordvest frå midten av tunnelen, og dette vil gje heilårleg vegforbindelse frå aust. 
Planprogrammet er no på høyring, med tilhøyrande dokument.

 

Oversikt over planområdet for ny tunnel rv. 15 Strynefjellet med fv. 63-arm til Geiranger. Illustrasjon: Statens vegvesen

 

I arbeidet som no startar, vil vi få fastsett kor tunnelen skal munne ut i Hjelledalen i Stryn, Breiddalen i Skjåk og Opplendskedalen ved Geiranger. 
Prosjektet er inne i Nasjonal Transportplan 2025-2036 (NTP), med planlagt oppstart i første periode.

Merknader og informasjonsmøte

Innspel og merknader kan sendast innan 15. januar 2026:

  • via skjema i den digitale medverknadsportalen
  • på e-post til firmapost@vegvesen.no eller
  • brev til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
  • Innspel i Stryn kommune skal merkast med sak 25/294637. 

 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål i samband med planarbeidet, ta gjerne kontakt:

  • prosjektleiar Rolf Arne Hamre,
    e-post: rolf.hamre@vegvesen.no,
    tlf. 909 22 459,
  • planleggingsleiar Eva-Lena Winge,
    e-post: eva-lena.winge@vegvesen.no,
    tlf. 481 53 885