Vi må aldri gløyme – 15 år sidan 22. juli
22. juli 2026 var det 15 år sidan den tragiske dagen som sette så djupe spor. I Stryn var det ei fin og tankevekkjande markering i Betaniaparken til minne om Hanne Kristine Fridtun, som mista livet i terroråtaket på Utøya i 2011.
🌹 Vi må aldri gløyme🌹
Rundt hundre personar var samla til minnemarkeringa. Ordførar Per Kjøllesdal, statsforvaltar Liv Signe Navarsete og AUF-politikar Kasper Smedegård heldt sterke minnetaler, der dei løfta fram både Hanne Kristine sitt minne og verdiane ho stod for.
I si tale peika ordførar Per Kjøllesdal på den uroande utviklinga ein ser knytt til ekstremisme dei siste åra. Han understreka at kampen mot hat og ekstreme haldningar ikkje kan vinnast gjennom eitt stort skippertak, men om veldig mange små samtaler, overalt, heile tida, og som er opp til oss alle.
Stryn Musikklag sette ei vakker og stemningsfull ramme rundt markeringa. Dei framførte mellom anna “Til ungdommen” av Nordahl Grieg. Songen som fekk ein viktig rolle etter terroråtaket i 2011 som eit symbol på demokrati, samhald og motstand mot hat og vald.
Markeringa vart ei verdig stund prega av fellesskap, ettertanke og respekt – ei påminning om kvifor det er viktig å halde minnet levande og framleis stå opp for demokrati, openheit og menneskeverd.
🌹 Vi må aldri gløyme🌹
Ordførar Per Kjøllesdal.
Stryn kommune
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
Stryn kommune
Kasper Smedegård frå AUF Vestland.
Stryn kommune
Stryn musikklag framførte bl. a. "Til ungdommen".
Stryn kommune
Sist endra 23.07.2026 10.53