“I dag skal vi ut og fange Pokemon. Imorra skal vi på tur til Volda, og der er også Pokemon!” Dei skapar ein heim borte frå heimen for barna, Elise Høstland Vatne, Solveig Wangberg Nesdal og dei andre tilsette i barneavlastninga i Stryn kommune.
Alle kommunar skal tilby avlasting til foreldre og pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver for barn. Avlasting skal hindre overbelasting hos omsorgsgjevar, og bli tilbydd tidleg som eit førebyggjande tiltak. Avlastinga skal gi moglegheit til naudsynt fritid og ferie, yrkesaktivitet, familieliv og deltaking i samfunnsaktivitetar. Ein søkjer om tenesta via søknadsskjema på kommunen sine heimesider.
I Stryn har barneavlastinga halde til oppi bakken bak omsorgssenteret i mange år. Talet på barn har auka dei siste åra, og nyleg utvida avlastinga ved å ta i bruk naboleilegheita. Barna er frå 3 til 18 år og har ulike utfordringar. Dei har faste tider på avlasting, men kor ofte varierer. Nokre har ein dag kvar tredje veke, medan andre er der fleire døgn i strekk. Det er ofte fleire barn der samtidig.
– Hos oss skal barna møte faste og trygge rammer, men vi vil også skape ein kvardag på deira premissar og møte dei der dei er, seier Solveig Wangberg Nesdal. Etter mange år som sakshandsamar i NAV byrja ho i haust som miljøterapeut i barneavlastinga. Med topp rating i Pokémon Go og eit trygt vesen har ho glidd rett inn i miljøet. Ho kjenner seg allereie som ei reserve-mamma.
– Det handlar om å vere ei støtte for barna og skape ein trygg kvardag med sunn aktivitet.
Elise Høstland Vatne er sosionom og understrekar også kor viktig aktivitet er.
– Ein skaper gode relasjonar til barna gjennom aktivitet. Det er også grunnen til at eg trivst med å jobbe her; vi har stor fridom til å planleggje aktivitet saman med barnet, og vi finn på mykje kjekt!
Elise Høstland Vatne (tv) og Solveig Wangberg Nesdal.