Områderegulering Stryn sentrum - 2. gongs utlegging til offentleg ettersyn

Planframlegget låg ute til offentleg ettersyn for første gong i mai 2021. Det kom inn om lag 100 merknader i høyringsperioden, klikk her for å gå til merknadsskjema (PDF, 473 kB). Merknadane er gjennomgått og planframlegget er justert. Det er difor lagt opp til ei ny høyring av planframlegget. Høyringsperioden for 2. gongs offentleg ettersyn er frå 1. februar – 18. mars.

Justert planframlegg med kommentarar til merknader som kom inn ved 1. gongs høyring kan de mellom anna sjå på Stryn kommune sitt planregister. Søk på plan-Id 4651_2018004

Frist for innsending av merknader er sett til 18. mars 2022

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 og vedtak i Formannskapet 13.01.22, sak 004/22, blir framlegg til områderegulering for Stryn sentrum lagt ut til offentleg ettersyn i tida 01.02.22 - 18.03.22.

Saksdokument er lagt ut på servicekontoret til Stryn kommune Tonningsgata 4, ved biblioteket i Stryn sentrum og på stryn.kommune.no under høyringar og under fanen for Områderegulering Stryn sentrum.

 

Merknadar til planframlegget kan sendast skriftleg til postmottak@stryn.kommune.no
eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN innan 18. mars 2022.
 

Opptak av teamsmøte områderegulering Stryn sentrum torsdag 17. februar 2022

Opptak av teamsmøte områderegulering Stryn sentrum onsdag 2. mars 2022

Velkomen til ope møte i Stryn kulturhus onsdag 2. mars kl. 18.00 - 19.30.  Tord Bakke i konsulentfirmaet 3RW arkitekter presenterer planen. Vi opnar for spørsmål siste halvtimen. Dersom du ikkje har anledning til å delta i kulturhuset, kan du følgje møtet på teams.

Opptak av teamsmøte områderegulering Stryn sentrum onsdag 2. mars 2022